logo
Slagord
Achilles
 E-Post: post@odda-plast.no  Telefon: 53 64 00 60

Odda Plast aukar staben med fire kvinner

Det har vore travle månadar for dagleg leiar, Jan J. Boot, etter han i april tok over roret på Odda Plast. I sommar tilset han fire kvinner, der to er nyoppretta årsverk.


Foto: Hardanger Folkeblad

– At dei fire tilsette er kvinner, er berre tilfeldig. Dei vart valde på grunn av kvalifikasjonane deira. Dei representerer kvalitet og erfaring. Samstundes trur eg det er sunt for bedrifta at me tek inn kvinner, seier Jan Jaap Boot, dagleg leiar ved Odda Plast.

Han har hatt mykje å gjera etter han tok over sjefsstolen i april.

– Det er klart at det er mykje ein skal setja seg inn i. Det er stor konkurranse i marknaden. Bedrifta konkurrerer med utanlandske bedrifter, og dei har nokre heilt andre timeratar enn kva me har her. Me må alltid jaga etter kontraktar. Eg har hatt som mål at me må vera spesialistar innan vårt felt, og at me må reindyrka kunnskapen vår, fortel Boot og legg til:

– Effektive arbeidsprosessar er viktig, og me har no brukt mykje tid på å rydda opp. Me treng mykje plass, så overfylte lager og verkstad kan me ikkje ha noko av.

Odda Plast har blant anna samarbeida med Odda Digital System som har laga timeregistreringssystem til dei. Det neste vert vareregistreringssystem.

– Det er veldig kjekt at me kan samarbeida med lokale leverandørar, stadfestar han.

Jan har også vore oppteken av lokal arbeidskraft. Dei fire nye tilsette er alle frå nærområdet.

Nyutdanna og erfarne

Ida J. Tyssebotn (21) kjem frå Etne og er i ferd med å fullføra bachelorgraden sin som maskiningeniør. Denne stillinga er ein av dei nye årsverka.

– Eg starta i jobben 28. mai og har no hatt ein opplæringsperiode, seier ho.

Tyssebotn fortel at det er litt skummelt med første jobb etter utdanninga.

– Men dei har tatt godt hand om meg, og det er ein veldig interessant jobb, legg ho til.

Siw Fjellhaug (21) går inn i det andre nye årsverket. Ho skal ha lærlingplassen sin her. Ho kjem opphavleg frå Bergen, men bur no i Eidfjord.

– Eg har gått teknikk - og industriell produksjon, og gått industriteknologi andre året på vidaregåande. Eg starta her på måndag. Det er mykje å setja seg inn i, men det har gått veldig greitt fram til no, kan Fjellhaug fortelja.

Hilde Moen tek over ansvaret som økonomisjef. Hilde jobbar i dag som økonomisjef på Odda Bilsenter. 1. juli tiltrer ho i stillinga i Odda Plast.

– Den tidlegare daglege leiaren hadde ansvaret for økonomien, men me har no valt å skilja ut ein eigen økonomisjefstilling, fortel Boot.

– Eg gler meg. Stillinga verka kjempespennande og utfordrande ut, og eg fekk umiddelbart lyst på jobben, fortel Moen.

Den fjerde tilsettinga er Linda Selsvik. Ho arbeider i dag som personalsjef og nestleiar for Hardanger AKS AS. Ho tek over stillinga som kvalitetssjef, og kjem også til å ha ansvaret for både HMS og HR.

– Me gler oss alle veldig til å starta. Og så er det greitt når det er fleire nye på ein gong. Elles har me høyrt at arbeidsmiljøet er bra, det var også ein god grunn å søkja, seier dei nye.

Ein inkluderande arbeidsplass

– Dette er den kjekkaste starten eg har hatt i eit nytt selskap, seier han.

Boot har som ny dagleg leiar hatt mange nye idear, og når målet hans er å leggja til rette for vidare vekst i Odda Plast, har det vore avgjerande å ha dei rundt femti tilsette på si side.

Han fortel at medarbeidarane har vore opne og velvillige.

– Det er ein veldig inkluderande arbeidsplass, meiner han.

Boot er oppteken av at folk skal ha det bra på jobb.

– Sosialisering er viktig. Me har eit sparesystem, og no har me spart opp til ei jobbreise. I september reiser me på tur til Roma, og 50 personar er meldt på. Det er kjekt, seier han.

All tekst og bilde er hentet fra en artikkel i Hardanger Folkeblad.